Dr. Lærums Medisinske Samlinger 

Samlinga er eit privat museum i den gamle doktorgarden på Voss, bygd i 1891, og som vil bli fredet. Den står midt på Vossevangen i ein hage på 2.7 dekar med eit våningshus i rikt dekorert sveitserstil, eit hønsehus, som no er innreidd som gjestehus, og ein stallbygning på tilsaman 150 kvm i tre høgder med sjølve museums-samlinga.

Samlinga syner korleis legepraksis arta seg i tidsrommet frå 16-1700 og fram til 1980-talet med hovudvekt på utstyr etter fem generasjonar av legar i same slekta frå 1865 og fram til no. Det vert særleg lagt vekt på å synleggjera at legepraksis i eldre tider var eit familieføretak, der særleg legekonene gjorde ein uvurderleg innsats.

Utstillingsromma utgjer eit forteljarrom med utstyr til legekontor og venterom, apotekutstyr og gamle medisinar, ei stor instrumentsamling og ei køyretøysamling med tre veteranbilar og utstyr til hesteskyss i tillegg til anna utstyr som legane nytta for å koma seg fram til pasientane. I tillegg er der eit moderne, klimaregulert arkivrom med medisin-historisk brev- og dokumentarkiv og bibliotek.

I hovudhuset står dei gamle stovene med opphavlege møblar frå 1800-talet og framover. Stovene, og dessutan ei kjellarstove med originale møblar dekorert i drakestil vert nytta til konsertar og møte med plass til opptil 50 tilhøyrarar.

Museet tek imot grupper av besøkande etter avtale, først og fremst helsepersonale og andre interesserte i helsehistorie, men også ålmennt publikum. Omvising og forteljing vert gjort på norsk eller engelsk.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson: Birger Norderud Lærum

Museumstelefon: (+47) 90065938               

E-post: birgernl@me.com

Adresse: Gullfjordungsvegen 1, 5704 Voss

Foto: Hovudhuset / Ole Didrik Lærum

Foto: Hovudhuset / Ole Didrik Lærum

Foto: Stallbygningen med utstillingar, inklusiv i ein underetasje / Ole Didrik Lærum

Foto: Stallbygningen med utstillingar, inklusiv i ein underetasje / Ole Didrik Lærum